Sider

onsdag 31. juli 2013

Ein modell vert til: frå krusedullar til pedagogisk plan.

I skrivande stund skal boka vera i trykken, og skal etter planen vera på lager den 6 aug. Eg er spent! Medan vi ventar tenkte eg eg skulle ta dykk gjennom eit par versjonar av modellen som skal forklare heile boka:

Den store oversiktsmodellen.


Boka handlar om forretningsforståing. Dette måtte eg få med i modellen. Undertittelen "Fra store data til små biter" måtte og få sin plass, og det same med digitalisering. Og alt måtte henge saman på ein pedagogisk og forståeleg måte. Så, den første skissa eg kom opp med såg slik ut:

Modell, versjon 1. 
Eg prøvde meg med den noko vanlege "løkmodellen" som skal vise samanheng mellom fleire lag. Det funka ikkje noko særleg, så eg prøvde igjen. Det eg likte med modellen og som eg tok med meg vidare, var skyforma for nettskya, og at store data heldt seg innafor der.

Deretter prøvde eg å setje det inn i ei slags stjerne. Eg er heavyrockar, og i den kulturen står jo pentagrammet sterkt. Av ein eller annan grunn vart det her ei davidsstjerne i staden for.

Modell, versjon 2. 
Denne gjekk fort i bosset. Eg jobba litt vidare med analogiar, og tok fram igjen skya. I naturen er det jo slik at vatn fordampar i sola og varmen, dette vatnet samlar seg i skyene, og deretter regnar det ned på landjorda. Er det ikkje litt slik med det digitale og? Folk genererer store mengder data på ulike einingar og i ulike system, data samlar seg til dømes i nettskya. Data kan hentast frå databasar i nettskya, og vert informasjon for dei som har forutsetnader for å forstå innhaldet. Informasjonen set i gong hendingar som kan generere meir data, som igjen vert lagra digitalt i databasar lokalt i bedriftene, eller i nettskya.

Modell, versjon 3. 
"Aha, genialt!" sa eg til meg sjølv. Akkurat som naturen har sitt kretsløp har og det digitale sitt kretsløp. Det er mykje snakk om at data er den nye jorda, eller eventuelt den nye olja, og det passar jo rett inn i naturanalogien. Så her fekk eg grunnideen til modellen. Data er det menneske, evt sensorar, som genererer, data vert tatt opp gjennom grensesnittet til ulike applikasjonar (som igjen fins på ulike einingar), applikasjonar prosesserer og lagrar data i databasar, som kan vera internt i bedriftene eller i nettskya, og vert seinare tatt fram for analyse og for å bedre forståing.

I denne modellen låg strategi, som representerer forretningsdrifta, som tekst. Eg jobba vidare med å få dette inn i modellen. Eg ville og setje menneske i modellen. Eg endte opp med eit utkast til:

Modell, versjon 4. 
Her kom folka på plass, utan at eg vart heilt nøgd med korleis dei var representert. Data, informasjon og kunnskap er laga som ulike lag, slik jordakloden og har ulike lag i seg. Strategi er kjernen. Eg introduserer her og ulike lag i atmosfæren utafor jorda, der dei ulike elementa etterkvart fell på plass.

Dei versjonane vi har sett til no er teikna digitalt ved hjelp av eit Bamboo-brett. Eg er i utgangspunktet under middels til å teikne, og det er i tillegg ei læringskurve ved det digitale brettet eg måtte gå gjennom. Så den neste modellen vart laga på gamlemåten, med penn og papir. Den vart slik:

Modell, versjon 5.
Rimeleg nøgd med denne, bortsett frå at eg ikkje likte heilt korleis menneske passa inn i modellen. Menneske er jo ikkje berre små brikker som generer er data, men er og essensielle i at data vert gjort om til informasjon. Det trengs og menneskeleg kunnskap for å kunne bruke kunnskapen fornuftig, i dette tilfellet vil det seie å bidra til at forretningsstrategi vert gjennomført.

Eg kom då på ideen med å bytte ut jordkloda med eit menneskehovud. Jordskorpa kan byttast ut med ytre organar. Vi genererer data gjennom snakk, og gjennom bruk av fingre for å skrive. Vi brukar auga og øyra for å ta inn (ferdigprosesserte) data. Det vi har mellom øyrene brukar vi til å foredla data til informasjon. Dette vert symbolisert ved at data vert omskapt til kunnskap, som støtter strategi, inne i hovudet.

Modell, versjon 6.

Modellen var no klar nok, trudde eg, til å sende til forlaget. Denne versjonen  laga eg med Prezi, og den såg slik ut:
Modell, versjon 7.
Forlaget laga modellen etter beste evne, men då eg fekk den igjen såg eg at heile "atmosfære"-konseptet mitt mangla. Eg printa modellen og sendte den tilbake med kommentarar:


Modell, versjon 8. 
Men SÅ kom den endelege modellen! Den har fått med seg alle elementa, og gjer det enkelt å forklare både elementa og korleis dei heng saman:

Ferdig modell. 

Modellen har no data i midten, for å vise at det er menneske som både genererer og tolkar data. Til dette brukar dei einingar. Det einingar kan handsame er bits, som ein får ved å digitalisere. På einingane er det applikasjonar, eller programvare som fangar data, prosesserer og lagrar prosesserte data i databasar. Både databasar og deler av applikasjonane kan ligge internt i bedrifta, eller i nettskya. Alt dette representerer det digitale.  Det som foregår inne i hovudet til den som les dataene, er forståing. Dette skal hjelpe med å gjennomføre prosessar som igjen oppnår resultater, eller mål, som er sett av forretningsstrategien.

Digital forretningsforståelse! 


I neste bloggpost går eg gjennom modellen. Takk for at du leste.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar