Sider

mandag 19. august 2013

Boka er ferdig trykt! + Video: gjennomgang av boka, kapittel for kapittel.

Den 6 august, kl 14:47, fekk eg ein mail frå resepsjonen om det var kome ei pakke til meg. Eg visste kva det var, hadde venta på den heile dagen, det var boka mi, varm frå pressa. Det var like før eg skulle gå heim, så eg nærast sprang opp etter pakka og fekk opna den på kontoret.

Eg må innrømme at det var stas. Bøkene såg bra ut og lukta godt (!). Det endelege beviset på at eg er ein publisert forfattar.

Stolt far. Fotokreditt: Henry Bjånesø (instagram: @hbjhibno)
Besøket var feira med ein liten tur til Oslo, der besøk på forlagets distriktskontor, eit kort møte med @ceciliestaude og kvelden på @oyafestival stod på programmet.

Litt av utvalget frå Fagbokforlaget denne hausten, inkludert boka mi og boka Teknologiledelse som eg har vore med på setje saman. 
#SoMe-dronninga Cecilie Staude. 
Kommunikasjonsrådgjevar i sivil på Øyafestivalen. 
Ei av casene i boka eg er spesielt nøgd med omhandlar tatovøren @jimmyduvall (les bloggposten som starta det heile) og shippingforetaket @maerskline (lenkene går til Instagram, der begge har flotte profilar). På torsdagen fekk eg helse på tatovøren for første gong, og overlevere eit eksemplar av boka.

Jimmy Duvall på Invictus Tattoo. Han trudde at mor hans ville setje pris på at han vert pensum på høgskular. 
Ok - før eg bikkar heilt over i rosablogg her og skildrar antrekket eg hadde eg på meg på turen (som den flotte Uniqlo-skjorta eg har på første bilde), går eg over til boka, som er det viktige her. Eg har fått litt positive og litt negative tilbakemeldingar allereie, mest positive, og eg veit at det er fleire fagansvarlege ved høgskular som ser på boka som interessant. Det vert spanande å sjå til våren og til neste haust kor mange som set den opp på pensumlista.

Dersom du har lest dei tidlegare bloggpostane her, eller "vaskeseddelen" hjå Fagbokforlaget, håpar eg du har ein viss ide om innhaldet i boka. Eg har i tillegg lova ein gjennomgang av boka, kapittel for kapittel, og den kjem under i videoformat. (OBS: Videoen er 9 min og 42 sek)


Digital Forretningsforståelse from Tarjei Heggernes on Vimeo.


Som vanleg vert spørsmål, kommentarar, ris, ros og bestillingar motteke med takk. Følg ellers med her for fleire blogginnlegg som er relevante for boka.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar