Sider

tirsdag 15. oktober 2013

Bokbadet

Så var det på tide å gjere litt ære på boka mi, og feire den med eit bokbad. Eg var relativt ukjent med konseptet bokbad for fagbøker, for fiksjonsbøker er det naturleg at forfattaren les litt opp frå boka, men boka mi er ikkje skreve for å underhalde, så det kunne fort vorte langdrygt.


I staden for er det naturleg at ein skapar ein diskusjon rundt boka, og tematikken boka tar opp. Eg  var så heldig å få med meg to sterke fagfolk eg kjenner frå før, samt eit nytt bekjentskap, til å diskutere dette.



(På biletet, frå nederste venstre hjørne: Erlend Aam, Bent Gjendem, forfattaren, Odd Rydland, bademeister Henry Bjånesø og Vebjørn Heggernes (min nevø))

Eit bokbad treng ein bademeister, og kollegaen min her på HiB, Henry Bjånesø tok oppgåva på strak arm og gjennomførte ho på ein glimrande måte. Han starta med å introdusere meg, og eg haldt ein kort introduksjon om korleis og kvifor eg har skreve boka. Deretter tok debattantane etter tur boka og tematikken for seg:


Odd Rydland har eg kjent sidan eg starta å undervise på BI hausten 2000. Han har lang erfaring og sit på enormt mykje kunnskap. Eg ser opp til han som ein mentor. Han jobbar med IT og prosessar i Sparebanken Vest, i tillegg til å vera sentral i BankID. Han sette den teknologiske utviklinga til bankane og samfunnet generelt i eit historisk perspektiv, og peika på at medan det tidlgare var bankane som pusha på folk teknolgi, er det no eit krav frå folket at banken tilpassar seg den teknologien som folk brukar. Han hadde og eit svært godt poeng om at eit stort problemområde er at det er vanskeleg for ei verksemd sitt organisasjonssystem å tilpasse seg og å utnytte teknologi, ettersom ein ofte reknar med at tilpasninga skal gå den andre vegen.


Bent Gjendem gjekk på kullet mitt på NHH, og eg hadde litt med han å gjere under studietida. No er han Salgssjef i Skandiabanken, samt at han er ein av gründaren bak både nettbutikken gulvnett.no og konsulentfirmaet Karabin. Han opna med å seie at det var denne boka han kunne ønske at han hadde hatt som pensum då han tok metodefaget i EDB på NHH i si tid. 

Forfattaren, Odd Rydland, Bent Gjendem og Erlend Aam. Foto: Magnus Handeland
Han diskuterte og om det var (og er) rett å kalle dette eit metodefag, ettersom studentar ofte ikkje får bruk for den avanserte matematikken eller statistikken som metodekurs inneheldt. Forståinga av det digitale derimot, er noko du brukar kvar dag etter endte studier. Han meinte at boka kunne vekke interesse hjå studentar, og dermed motivere dei for å setje seg inn i fagfeltet. I tillegg gav han eit par gode tips: eg kunne gjerne legge enno meir vekt på rasjonaliseringsgevinstar i boka, fordi IT no er den teknologien som har størst potensiale for å skaffe den type gevinstar, og han gjorde meg merksam på casen med teleoperatøren giffgaff der brukarane er svært integrert i forretningsdrifta, og får poeng for å t.d. drive support for kvarandre.

Tredjemann i panelet kjende eg ikkje frå før. Det var Erlend Aam som er IT-sjef i forlaget Vigmostad og Bjørke, som Fagbokforlaget som gjer ut boka og er ein del av. Han vart tilsett i forlaget på eit tidleg tidspunkt, og har vore ein del av suksesshistora ein må kunne seie at det forlaget har hatt. Han starta med å seie at denne boka burde vera julegåve til alle i forlaget - så viktig meiner han temaet er. Av ting han tok fram frå boka var teorien om det digitale ryktet eg snakkar om i kapittel 3 - kor viktig dette er, og kor viktig det er at innhald vert tilpassa (sosial) kanal for å halde på dette ryktet. Han meiner og at analyse (kapittel 8 om BI) er, og vil være, eit viktig tema. Rapportering er vanleg, men å gå bak tala for å finne årsaken til resultata er langt mindre vanleg.


Etter dette var det ein kort diskusjon rundt tema - kven er boka til nytte for? Slik eg oppfatta det (men det er mogeleg eg misoppfatta det) er det helst økonomane som må verte flinkare til å tilegne seg forståing for det digitale slik at dei kan utnytte både data i systema og kompetansen til dei som lagar og driftar systema.

Dagens kommentar kom frå førsteamanuensis Jon Iden frå NHH. Då han først hadde sett tittelen på boka lurte han på om den handla om "forstår forretning, forstår ikkje forretning". Tok du den? Hint: dataprosessering er basert på behandling av binære tallkodar.

Alt i alt var det ein bra seanse, der både vener, familie, kollegaer og andre interesserte var representert.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar