Sider

mandag 4. november 2013

Studentvurderingar av boka.

Dette semesteret brukar eg boka mi som pensum i faget Administrative Informasjonssystemer her på HiB. Det skulle jo egentlig berre mangle, då det var dette kurset eg skreiv kompendiet for, kompendiet som til slutt vart boka Digital Forretningsforståelse.

I dette faget kan studentar velge tre ulike vegar til å få gå opp til eksamen: Enten å presentere eit relevant tema for klassen (så langt er det tre grupper á to studenter som har valgt dette), ein kan skrive to relevante bloggpostar på minimum 200 ord, eller ein kan skrive ei fagoppgåve. I tillegg må alle ta i bruk det bloggbaserte læringsnettverket til kurset, der dei skal poste tre mindre saker og minimum ti kommentarar på andre sine bloggpostar. Eg har tidlegare skreve ein bloggpost der du kan lese litt meir om akkurat dette undervisningsopplegget.

Ved oppstarten av kurset er studentane litt i villreie om kva desse bloggpostane skal handle om, så i år gav eg dei tilbodet: Dersom nokon vil anmelde boka mi i ein bloggpost skulle dei få eit anmeldar-eksemplar! Av ein eller anan merkeleg grunn var det ingen som slo til på dette straks, men etterkvart var det ein kar som heiter Constandino Leiva (twitter: @DatPad)som slo til.

Sjølve omtalen kan du lese under, men eit sitat eg likar svært godt er dette:

"Slik jeg følte det var det om Tarjei skisserer flere puslebiter i del I – III, for å endelig sette alt sammen i del IV, som lar deg se bildet i sin helhet."

Det var jo akkurat det eg var ute etter å oppnå! I tillegg brukte han eit feiande flott illustrasjonsbilete:

"Join the dark side, we have the best books!" Bildekreditt: Constandino Leiva
Eg foreslo og at dersom nokon hadde tenkt å kjøpe e-boka, ville det vera svært interessant å få vite korleis dei opplever å bruke e-bok til pensumbok gjennom ein bloggpost. Etter litt om og men kom endeleg boka ut i digitalt format. I motsetning til den fysiske utgåva hadde eg ingen digital utgåve å gje ut som anmeldareksemplar, men det kom likevel ein omtale av e-boka frå ein student som heiter Mette Haglund. Ho skriv om korleis ho har opplevd å bruke eboka, og oppsummerer med at ho er positivt overraska! Ein ting eg brukte mykje tid på var å legge inn og sikre lenker i teksten på manuset mitt. Om det skriv ho: 

"En annen fordel jeg vil peke på er de direkte linkene. Tror aldri jeg har lest så mange av linkene en bok referer til.. Dette gjøres jo så lett, kun ved å trykke på teksten!"

Her er kva studentene synes etter å ha lest boka:

Constandino om Digital Forretningsforståelse.

Mette om å bruke e-bok som pensum.

P.S.: Har du lest boka, og har synspunkt/meiningar, gje meg gjerne ein lyd!